Fjellhug/Vereide il tek bort treningsavgifta
Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 23. Mar 2023
På årsmøtet onsdag kveld gjorde klubben vedtak om å fjerne treningsavgifta i laget.
I ei tid der økonomi spelar ei viss rolle i mange heimar, og der det er mange viktige ting som skal prioriterast, vil Fjellhug/vereide Il fjerne eit økonomisk hinder for å delta på laget sine treningar.
Fjellhug/Vereide il har ein god økonomi, det er ein del ekstra arbeid med å registrere og kreve inn treningsavgifta, summane vert ikkje så store kvart år, og som nemnt er det viktig å ikkje legge unødige økonomiske byrder på familiane som vil ha borna sine på trening.
Medlemskontingenten i Fjellhug/Vereide il er uendra etter årsmøtet, og vi har som mål å få ein auke i medlemstalet vårt i 2023. Idrettslaget har mange aktivitetar å tilby, frå barne- og vaksentrim, til idrett på konkurransenivå, så vi håpar at dei fleste innbyggarane på Nordstranda vil støtte oss med å vere medlemer.
Vil du melde deg inn i Fjellhug/Vereide il, går du inn her: Innmeldingsside (nif.no)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Dagfinn Kaspar Nyhammer

Nist siste Gloppe-Trim før sommarferien
12.06.2025
Gloppe-Trim 6/25
05.06.2025

SFE og Wattn er med på laget!
29.05.2025

Gloppe-Trim 5/25
28.05.2025

Gloppe-Trim 4/25
21.05.2025

Gloppe-Trim 4/25
14.05.2025